NVIM

Velg språk

Søk

Meny

Råcyanamidesilo

Bygg nr. 113, byggeår 1907. Kapasitet: 7000 tonn cyanamid.  44m lang, 14m breid, 22m høg

Funksjon: Lagring av ferdig cyanamid

Siloen vart oppført av det norske ingeniørfirma Alfred Bonde, Kristiania.

Sjølve silodelen er i armert betong, medan topphuset har skjelettkonstruksjon med tegl.

 

Råcyanamidesilo 2015

Opprinneleg var relieffmønsteret framheva i ein mørkare farge enn resten av veggane. Her er framleis intakt teknisk utstyr med trapperom, begerelevator, skruetransportør i toppetasjen for fylling av siloen og tappetutar på undersida.

 

 

 

Silo - interiør. Foto Kraftmuseet arkiv

 

Silocella er eit stort rom med veggar som skrår inn nedst mot tappeetasjen under. Siloen høyrer til blant pionerarbeida i bruken av armert betong her til lands.

 

”Eg må vel kunne si at eg har vært på den plassen som det var absolutt mest støv. Då var eg inne i cyanamidesiloen og lempa. Støvet var ikkje gifitg, men viss du gikk og tok deg eit glass øl så eksploderte du”.

Smelteverksarbeidar Hermann Skjerveggen frå boka Smeltedigelen.

 

Cyansilo 1917 Siloen 1907. Foto Kraftmuseet Arkiv

 

Framtidig bruk tar utganspunkt i tankegangen «vern gjennom bruk».  

Cyanamiden vart frakta til loftetasjen i råcyanamidsiloen via ei hammermølle for finmaling etter at den hadde vorte knust i knuseriet.  

Dei to mateskruene som stod i heile loftet si lengderetning fordelte massen utover før den vart sluppet ned i dei ulike delane av sjølve siloen via luker i loftsgolvet.

Cyanamiden vart teken ut av siloen att i kjellaren og pakka i sekker. Mesteparten gjekk rett til ”dicyen” der den vart vidareforedla til dicyandiamid. Noko vart eksportert som industriell cyanamid.

Resten vart bebhandla med vatn for å redusera karbidinnhaldet og fortynna med finmala kalkstein. Dette vart seld som eit ugras- og mosedrepande middel kalla ”Trollmjøl”. Det vart også brukt som gjødsel for planter med lang veksttid under namnet Kalkkvælstoff.

 

Trollmjøl, er kalsiumcyanamid blanda med kalk, CaO. Trollmjøl var eit kombinert ugrasmiddel (herbicid) og nitrogengjødsel (ca. 20 % nitrogen). Det vart blanda inn i jorda nokre dagar før planting.

Trollmjølfane

 

 

 

 

Bygg på Odda Smelteverk

Råcyanamidesiloen og siloen frå 1914 som vart reven i 2014. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Inne i Cyanamidesiloen som blei revet Interiør frå siloen før han vart reven i 2014 - 100 år gamal. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Inne i Cyanamidesiloen som blei revet Katedralsk stemning inne i siloen. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Detalj av vegg på råcyanamidesilo

Relieff før oppussing. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Cyanamidesiloen etter oppussing i 2018

Relieff etter oppussing i 2018. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

 

Cyanamidesilo 1907 Siloen då han var ny og kvit i 1907. Foto Olav Holm Kraftmuseet arkiv

 

 

 

NTNU eksamensoppgaver Forslag til ny bruk. Teikningar av studentar ved NTNU i Trondheim.Sjå fleire forslag i fotoremsa nedst i artikkelen.  Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

 

Informasjonsskilt Smelteverkstomta Ei av dei 12 informasjonstavlene på smelteverkstomta omhandlar siloen.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no

 

Gå til webversjonen